page view image

Sommargry i Hyllestad

Velkommen til konsert i Prestegardshagen på Hyllestad!

Det vert magiske musikkopplevingar, god mat, god drikke og god stemning! Servering av Hotel Sognefjord.

Billettar gjeld inngang til konsertområdet i Prestegardshagen laurdag 8. juni. Dørene opnar kl 19:30.

Information
event image

Velkommen til konsert i Prestegardshagen på Hyllestad!

Vi er veldig stolte av å presentere tre fantastiske artistar på scena i Prestegardshagen som del av festhelga Sommargry i Hyllestad.

Det vert magiske musikkopplevingar, god mat og god drikke. Bar og servering av Hotel Sognefjord.

Vi garanterer god steming!

Billettar gjeld inngang til konsertområdet i Prestegardshagen laurdag 8. juni. Dørene opnar kl 19:30.

Arrangementet har 18 års aldersgrense. Ungdom frå og med året ein fyller 16 år er hjarteleg velkomne i følgje med verje. Billettar vert ikkje refundert, så ver merksam på at utan verje vil billettar for personar under 18 år vere ugyldige. Verjekontrakt finn du her: verjeordning.pdf (hyllestad.kommune.no) . Verjekontrakt må fyllast ut og framvisast ved inngang til konsertområdet. Meir info under restriksjonar nedst på sida.

*Gratis inngang til ledsager med ledsagerbevis.


VÅRE FANTASTISKE ARTISTAR


HJERTESLAG:

Heilt sidan oppstarten i Bergens undergrunnsmiljø, har Hjerteslag vert eit av landets aller beste og mest populære rockeband. Med vokalist Robert Eideviks umiskjennelege og unike låtskriver- og tekstsignatur i botn, har bandet vert premissleverandørar for melodisk, støyande, og gatepoetisk musikk på norsk. 

Med comeback-albumet «Tyvens Dagbok» og den påfølgande turnéen høsten 2022, gjenerobra Hjerteslag sin posisjon som eit av landets ledande rockeband. Robert Eidevik stod fortsatt i front, med ein svolten, ny besetning bak seg. Arve Isdal, Yngve Andersen, Ivar Thormodsæter og Herbrand Larsen er velkjente namn og ansikt frå ei rekkje band og musikalske prosjekt det siste tiåret.

Vi gjer som storbyane og tilbyr konsert med Hjerteslag i Hyllestad!

ODDNY:

Oddny er eit norskspråkleg alternativ rock-fenomen med tekstleg pondus. Bandet foreiner det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. I fjor haust ga dei ut debut EP-en «Eg trur at eg må spy/Våte sko». Låten «Oktober, Bergen by» blei A-lista på nasjonal NRK P1. Popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023, og under Luttprisen 2024 stakk dei av med prisen «Årets nykommar».

MAIH:

MAIH er ein artist og låtskrivar frå Dale i Sunnfjord, som på kort tid har rukke å markere seg som ein spanande nykommar. Inspirert av det skandinaviske popuniverset kombinerer MAIH tekstar om kjærleikssorg og vaksesmerter med store pop-produksjonar og melodiar som set seg på hjernen. Det siste året har ho gitt ut låtar som The Movie of Us, You Don't Know Me Anymore og Lover, som har blitt teke godt imot med listingar nasjonalt på både P3 og P1 og omtalar fra diverse musikkbloggar. Blant anna spår Alfitude at "MAIH er på veg til å bli Noregs neste store poptalent". 


DETTE VERT RÅTT!

hyllestad sommargry sommargryihyllestad prestegarden prestegardshagen

Restrictions

Info om verjeordning

- Ungdom frå året ein fyller 16 år kan delta på arrangementet med verje til stades.
- Verje må vere fylt 30 år.
- Verje og ungdom må vere rusfrie.
- Verje må legitimere seg sjølv og levere utfylt verjeskjema ved inngang.
- Verje kan ha ansvar for maksimalt 2 mindreårige.
- Ungdom under 18 år skal vere under oppsyn av verje under arrangementet.
- Verje skal vere tilgjengeleg på telefon under arrangementet.
- Mindreårige og/eller verje som kjem rusa til arrangementet vert avvist.

Waiver

Billettar vert ikkje refundert.